Egil Reidar Orsal

Totalt skal tre båtlaster med toppsideutstyr lossast ved Ulstein Verft

Lossing av dekksutstyr til Nexans Aurora

I løpet av eit par hektiske dagar har heile 197 løft med dekksutstyr til kabelleggingsskipet Nexans Aurora vorte løfta på land ved Ulstein Verft. Det største enkeltløftet var ein kabel-capstan som åleine veg 176 tonn.

Kabelleggingsskipet Nexans Aurora er eit stort og kompakt skip. Med sine 149,9 meter i lengde og 31 meter i breidde har det ei dødvekt på heile 17 000 tonn. Det er dimensjonert for å kunne handtere store mengder undervasskablar.

15. juni kom skroget av Nexans Aurora fram til Ulstein Verft . Nokre dagar seinare kom eit lasteskip til verftet, denne gongen med mange hundre tonn dekksutstyr som etter kvart skal installerast om bord i kabelleggaren. Tungløftsavdelinga ved Ulstein Verft har ei mobil kran som kan løfte heile 600 tonn, så det baud ikkje på store problem å få på land den 176 tonn tunge capstanen frå Maats Tech Ltd. Denne har som funksjon å halde strekket i kabelen når han vert lagt på havbotnen.

Totalt skal tre båtlaster med toppsideutstyr lossast ved Ulstein Verft i samband med dette prosjektet, i tillegg kjem alt anna utstyr som vert frakta landevegen. I neste leveranse kjem sjølve kabelskiva. Denne har ein kapasitet på 10 000 tonn, og kan handtere to kablar på same tid. Vanleg diameter på kablane vil vere om lag 20 centimeter.

Inkludert i dei mange andre hiva som vart gjort, var dei to store leggehjula som skal monterast i hekken, og alle dei 264 rullane som kabelskiva skal snurre på.

Skroget til Nexans Aurora har no kome på plass inne i dokkhallen til Ulstein Verft, og utrustinga av skipet har tatt til.

Tungløftsavdelinga er no på veg til neste oppdrag, denne gong på på Fosen Yard i Rissa i Trøndelag for å transportere ein 130-tonns maskinromsseksjon. Til dette oppdraget vert det brukt to stykk Goldhofer multiwheelerar, ein ‘lett’ jobb ut frå at desse har ein samla transportkapasitet på 640 tonn.

GH_mvest crop

Havlandet Havbruk AS signerer avtale med EG Maintenance for effektiv administrasjon av vedlikeholdet

Havlandet Havbruk AS ønsker å effektivisere vedlikeholdsarbeidet og har valgt å utvide samarbeidet med EG ved å ta i bruk EG Maintenance. Implementering av EG Maintenance hos Havlandet vil bidra til en effektiv og strømlinjeformet driftsforvaltning for selskapets enheter. Derfor har Havlandet Havbruk og EG Maintenance nå signert en avtale for implementering av EG Maintenance-systemet. 

MDV 01 2024 kolasj crop

Min Drift & Vedlikehold 01 2024 er publisert

Redaksjonen får tilsendt en mengde nyheter innen alle fagfelt, hvor KI er hovedtema. Vedlikeholdsfeltet er intet unntak. I noen utstrekning blir vedlikeholdsarbeidet endret når KI blir en del av det daglige arbeidet. For det første vil man få mer data som grunnlag for å ta beslutninger. Det viktige i denne sammenheng er å ha god kvalitet på dataene.

Marthe Thu

Zooca og Skretting går sammen om å utvikle en banebrytende fôr-løsning i startfôr-segmentet

Zooca® (Calanus AS), en pioner innenfor produksjon av bærekraftige marine ingredienser, og Skretting, en global innovasjonsdrevet leverandør av fôr til akvakulturnæringen, kunngjør et spennende partnerskap rettet mot utviklingen av et nyskapende og bærekraftig start-fôr. Målet er å dra nytte av Zoocas ekspertise innen høsting og prosessering av Calanus finmarchicus, bedre kjent som raudåte, en liten marin hoppekreps rik på essensielle næringsstoffer.

SIVA Skjervøy crop

Siva sentral i regjeringens grønne industriløft 2.0

Regjeringen satser også tydelig på manufacturing-industrien i Norge

Regjeringen presenterte i dag Veikart 2.0 for Grønt industriløft og foreslår 1 milliard kroner i økt investeringskapital til Siva. Pengene vil stimulere til grønn industrivekst i Norge.