Kleven Kjetil_Bollestad_foto_privat (1) crop

«Nye Kleven», som skal ta verftet vidare inn i framtida.

Kjetil Bollestad ny administrerande direktør på Kleven Verft

Kjetil Bollestad er tilsett som administrerande direktør på Kleven Verft, og tek dermed over etter Olav Nakken. Bollestad blei henta inn av Nakken som produksjonsdirektør på Kleven i desember i fjor.

-Kjetil har vore sentral i ferdigstillinga av MS Roald Amundsen, og har veldig god innsikt i organisasjonen. Han har med det eit godt grunnlag for å gå inn som leiar for verftet, seier Olav Nakken.

Viktig grep for «Nye Kleven»
Kleven Verft AS har nyleg oppretta eit eige dotterselskap, «Nye Kleven», som skal ta verftet vidare inn i framtida. Bollestad vil leie det nye selskapet, medan Nakken vil halde fram i ei ny rolle, der han vil jobbe gjennom styret med forretningsutvikling for Nye Kleven. Dette grepet blir gjort for å frigjere ressursar til å jobbe meir ut mot marknaden i denne viktige oppstartsfasen til nye Kleven.

Frå og med måndag 15. juli 2019 vil Kjetil Bollestad fungere som administrerande direktør på Kleven Verft.

-Eg er takknemleg og motivert av tilliten som blir vist meg. Å skulle vere administrerande direktør for Kleven Verft blir ei interessant og utfordrande oppgåve som eg ser fram til å ta fatt på, seier Bollestad.

Rettar ein stor takk til alle for stå-på-vilje
Med tanke på situasjonen verftet har vore i, er Olav Nakken fornøgd med perioden som administrerande direktør. 


-Etter den finansielle restruktureringa har vi levert tre ankerhandteringsfartøy til Maersk, og no nyleg ekspedisjonsskipet MS Roald Amundsen til Hurtigruten. Alle var fantastiske skip, men det er likevel folka bak som står fram for meg. Eg vil gjerne rette ein takk til dei tilsette, dei innleigde og underleverandørar for stå-på-vilje og samarbeid i tida som har vore, seier Nakken, og legg til:

–No som det berre er MS Fridtjof Nansen tilbake, ser eg fram til å ta fatt på forretningsutvikling for nye Kleven.

Med fokus på MS Fridtjof Nansen og nye Kleven
Kjetil Bollestad er 51 år og kjem frå Sandnes, men er no busett i Son sør for Oslo. Han har ein variert yrkesbakgrunn, som starta med flyteknisk utdanning frå forsvaret. Han jobba mange år i SAS teknisk avdeling, dei siste åra som produksjonsleiar for avdeling «Heavy Maintenance» på Gardermoen.

I 2007 – 2010 var han administrerande direktør på skipsverftet i Florø før han arbeidde i Master Marine AS som ferdigstilte ein Jack-up rigg i Arendal. Han vart tilsett som COO med ansvar for drift og vedlikehald av riggen når den starta operasjon på Ekofisk-feltet sommaren 2011. Dei siste åra har han jobba som salsdirektør for Agility Subsea Fabrication og som kommersiell sjef for Institutt for Energiteknikk.

-Den siste tida har vi brukt all tid og alle ressursar på å ferdigstille Roald Amundsen. Sjølv om hovudfokuset no blir å ferdigstille søsterskipet MS Fridtjof Nansen på ein effektiv og god måte, vil læringa frå fyrste skipet bidra til at utfordringane blir langt mindre denne gang. Det gir rom for å kunne rette blikket framover saman med det kompetente teamet på Kleven, seier Bollestad.

Kjetil Bollestad og Olav Nakken har jobba tett saman siste månadane, og det gjorde dei også tidlegare medan Bollestad var verftsdirektør i Florø.

- Eg gler meg til å halde fram samarbeidet både med Olav og dei tilsette på verftet, avsluttar Bollestad.   

Kleven har levert over 100 avanserte fartøy for norske og internasjonale kundar sidan 2005. Etter ei utfordrande periode i kjølvatnet av nedgangen i offshore-sektoren, er verftet no eigd av Hurtigruten, og har for tida eitt hurtigruteskip under bygging. 

Prevas ny crop

Prevas ønsker velkommen til ny Teamlead & prosjektleder i Norge

Prevas har fått en ny teamlead & prosjektleder på Oslo-kontoret, Sofya Kapustina (37). Sofya har lang erfaring fra IKT-leveranser, prosjekt- og teamledelse med spisskompetanse innen utvikling av IT- og virksomhetsprosesser. 

Prevas Ingar Evjen crop

Ny salgsleder i Prevas Norge

Ingar Evjen

Prevas AS har fra 1.november 2023 ansatt Ingar Evjen (58), som salgsleder. Ingar begynte sin yrkesaktive karriere som pc-teknikker i Norsk Data, og har lang erfaring fra it-bransjen. Han har dessuten mer enn 25 års erfaring fra Norge og Nederland med salg av software-løsninger mot en rekke bransjer.

Nesscco Marius (002) crop

Nessco ønsker velkommen en ny produktsjef

Nessco, en ledende leverandør av trykkluftløsninger i Norge, har ansatt ny produktsjef for kompressor og etterbehandling. Marius E. Aasheim har en mastergrad i ingeniørvitenskap fra NTNU

Servi Bendek crop

Styrker ledergruppen i Servi Group med ny operativ rolle

Tidlig i mai tiltrådte Bendek Maartmann-Moe som Servi Groups COO (Chief Operating Officer). Den nyopprettede rollen øker kapasiteten i ledelgruppen og vil skape mer plass til daglig drift og fremtidsplanlegging. Maartmann-Moe vil jobbe tett med CEO, Tom-Arne Solhaug og ledergruppen for å sørge for at alt går knirkefritt i det daglige, samtidig som han vil bidra med å utvikle organisasjonen på lang sikt.

Les mer