
Det er òg etablert eit godt samarbeid med Morrow Batteries og andre bedrifter
Universitetet i Agder har tilsett leiar for batterisatsinga
Førsteamanuensis Johannes Landesfeind startar som fagleg sjef for Batteri Agder-prosjektet ved Universitet i Agder 1. januar 2022. – Eg ser fram til å etablere ei sterk forskingsgruppe. I samarbeid med industrien i Noreg skal vi utvikle, byggje og produsere batteri. Saman med den sterke kompetansen UiA har innan mekatronikk, gir det UiA eit unikt høve til å levere relevant batteriforsking, seier Johannes Landesfeind (33).
Frå nyåret får han ansvaret for å samle batterikompetansen ved Universitet i Agder (UiA) i ei eiga forskingsavdeling, Batteri Agder-prosjektet. Fakultet for teknologi og realfag ved UiA har planlagt at avdeling skal tilsetje fire professorar og tre forskarar. I tillegg skal dei knyte til seg seks stipendiatar, anten doktorgradsstipendiatar eller post-doktor-stipendiatar.
UiA har allereie gjennomført fleire forskingsprosjekter om batterihandtering. Det er òg etablert eit godt samarbeid med Morrow Batteries og andre bedrifter i regionen.
Tverfagleg utdanning og forsking
Batteri Agder-prosjektet skal arbeide på tre område.
For det første skal UiA ved den nye avdelinga halde fram sitt samarbeid Morrow Batteries og andre bedrifter.
For det andre skal Landesfeind og hans kollegaer planleggje eit bachelor-studium i batteri-teknologi saman med Universitetet i Stavanger. Dei to universiteta har nemleg søkt om midlar til dette hos Noregs forskingsråd og deira satsing Kapasitetsløft.
Og for det tredje ser den nytilsette fagleiaren fram til å setje i gang nye forskingsprosjekt.
– Eg ser fram til å få ei forskingsgruppe raskt på plass og starte opp med nye forskingsprosjekt. Når Batteri Agder-prosjektet har fått den administrative organiseringa på plass, gler eg meg til å sjå framstega i dei vitskapelege prosjekta, som jo er den morosame biten, seier han.
Industriell og akademisk erfaring
Landesfeind var ferdig med si eiga doktorgradsavhandling for tre år sidan. Forskinga dreidde seg mellom anna om å finne ut korleis ein skal byggje litium-batteri som let seg lade fortare enn dagens batteri.
Landesfeind kjem frå stillinga som forskar innan batteriutvikling hos elektroverktøy-produsenten Hilti (Liechtenstein). På anlegget deira i Kaufering (Tyskland) arbeidde han med å utvikle litium-ion-batteri.
Dekanen ved UiAs Fakultet for teknologi og realfag er glad for at den faglege leiaren for Batteri Agder-prosjektet har både industriell og akademisk erfaring.
– Den doble erfaringa var viktig for oss den gongen vi utvikla forsking omkring mekatronikk i samarbeid med olje- og leverandørindustrien i landsdelen. Og det vert like viktig for oss no når vi skal utvikle forsking og kompetanse om litium-ion-batteri i samarbeid med industrien, seier Michael Rygaard Hansen, dekan ved UiAs Fakultet for teknolo
Einar Alexander Andersen skal lede ABBs kanalpartnersalg
ABB har ansatt Einar Alexander Andersen som Head of Channel Partner Sales for Energy Industries i Norge. Han får det overordnede strategiske og kommersielle ansvaret for kanalpartnervirksomheten i denne delen av ABB.
Katerina Modiati skal styrke ABBs partnersatsing
ABB har ansatt Katerina Modiati som Channel Specialist i Energy Industries. Ansettelsen skal styrke selskapets satsing på partnere.
EG Maintenance har styrket kundestøtten med ny support konsulent
EG Maintenance har ansatt Fillip Grunnsund som Customer Support Consultant for å møte økende etterspørsel og sikre enda tettere oppfølging av selskapets kunder.
Prevas styrker laget med ny utvikler i Oslo
Prevas Norge fortsetter veksten med enda en viktig ansettelse for å imøtekomme økende aktivitet innen pågående leveranser og nye spennende prosjekter. I mars ønsket selskapet Neha Pardeshi velkommen som ny utvikler til Enterprise Asset Management-teamet (EAM) i Oslo.





















