Nye kleven crop

Satsingsområdet til Nye Kleven er å bygge nybygg

Ny start og ny kontrakt for Kleven Verft

Restruktureringa av Kleven Verft AS er fullført, og «Nye Kleven» er no etablert. Det nye firmaet har fått starthjelp frå fleire hald, i tillegg til kontraktar som sikrar drift i verftet ut 2020.

- Det er veldig kjekt at vi no har fått på plass ein heilt konkret framtidsplan for vidare drift av Kleven Verft. Målet er å framleis vere eit nybyggingsverft slik vi kjenner Kleven frå før, denne gang med ein sterk kostnads- og risikokontroll. Men for å kome dit vi vil, må vi gjere nokre tiltak, fortel administrerande direktør i Kleven Verft, Kjetil Bollestad.

Satsar på oppdrag med lavare risiko
Satsingsområdet til Nye Kleven er å bygge nybygg, men i ei periode framover vil verftet også satse på litt andre type oppdrag med lavare økonomisk risiko. Nye Kleven ser no på oppdrag som ombyggingar, service og vedlikehaldsoppdrag, samt diverse rør- og stålarbeid.

- Erfaringa frå bygginga av komplekse skip dei siste åra, sist med leveransane av Hurtigruten sitt nye hybriddrivne ekspedisjonsskip MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen, skal takast vare på og brukast i arbeidet med å bygge opp Kleven på nytt. Vi er avhengige av å gjere tilpassingar på kostnadssida, og samanlikna med dei siste åra, vil vi få eit lavare aktivitetsnivå i 2020, fortel Bollestad.

Nye Kleven kjem til å sluttføre arbeidet av søsterskipet MS Fridtjof Nansen. Det vil skje gjennom ein serviceavtale med Gamle Kleven, som vil leige personell og verftsfasilitetar av Nye Kleven. Gamle Kleven har tilstrekkeleg kapital til å sluttføre MS Fridtjof Nansen. Når MS Fridtjof Nansen er planlagt levert i slutten av 2019, blir det mindre aktivitet på verftet i 2020 slik prognosane ser ut no. Derfor må Kleven redusere talet på tilsette.

-Det å nedbemanne er ikkje noko vi gjer med lett hjarte, men det er eit heilt avgjerande tiltak for at verftet skal kunne ha vidare drift. Det blir hard jobbing framover, og alle må ha eit ekstremt fokus på kostnader. Vi har ingen garanti for framtida, sjølv om vi har god tru på drift etter 2020.

Nordnes med unikt byggeprosjekt på Kleven
Nye Kleven blir gitt ein fantastisk god start av reiarlaget NordnesGruppen og Vegsund Slip, ved å inngå ei ombyggingskontrakt på eit trål/snurrevad-fartøy. Kontrakta er mynta på eit gjensidig tillitsforhold med stor grad av risikofordeling.

-Vi skal bygge ein hekktrålar for Nordnes, eit heilt unikt prosjekt. Vi skal ta ein eksisterande båt og bygge den heilt totalt om til å innehalde alt reiarlaget ynskjer av nyvinningar og mengder av grøn teknologi. Vi har stor tru på prosjektet og synest det er spanande å vere fyrst ute ilag med NordnesGruppen om å definere ein ny type fiskefartøy, fortel Bollestad.

Forskipet frå båten har allereie komt til Kleven. Det skal byggast om til å bli ein topp moderne og energieffektiv fiskebåt, som skal fungere som eit kombinert trål/snurrevad-fartøy for kvitfisk, rødfisk og reker.

-Kleven Verft har ein dyktig arbeidsstokk med høg kompetanse og ein skrogbyggingskapasitet som er unik i Noreg. Vi ynskjer å bruke lokale leverandørar og arbeidskraft, samt bevare kompetansen på skipsbygging på Sunnmøre, så det er gledeleg at vi kan samarbeide med Kleven i dette avanserte prosjektet, seier Tormund Grimstad, dagleg leiar i NordnesGruppen.

- Vi er veldig takksame for at Nordnes ynskjer å hjelpe oss i gang med Nye Kleven. Dette samarbeidet betyr enormt mykje for mange. Både våre tilsette, underleverandørar, bankane og lokalsamfunnet får glede av dette, seier Bollestad.

Kleven har fått god starthjelp
I tillegg til kontrakten med Nordnes, er Nye Kleven og Fosen Yards i felles samtalar med Hurtigruten om ombyggingar og oppgraderingar av fleire Hurtigruten-skip dei neste 12-16 månadene, inkludert ferdigstillelsen av MS Fridtjof Nansen.Hurtigruten har vore sentral i arbeidet med restruktureringa. Ifølge Bollestad og Ola Beinnes Fosse, finansdirektør i Kleven Verft, har Hurtigruten også vore heilt avgjerande for at Kleven har overlevd fram til i dag.

-Hurtigruten var villige til å ta ein stor risiko når dei tok over eigaransvaret i samband med restruktureringa i 2018. Dei bar selskapet gjennom ei periode der det ikkje berre har vore deira skip som har vore under bygging, men også fleire Maersk-skip. Utan Hurtigruten hadde ikkje Kleven eksistert i dag. I tillegg tek dei no ansvar og legg ei vesentleg portefølje inn i Nye Kleven i samarbeid med Fosen for å hjelpe selskapet vidare, seier Beinnes Fosse.

Han viser til at også fleire har vore med på å få restruktureringa i orden. Gjennom det som har vore verftet sine mest krevjande år finansielt sett, har bankane saman med GIEK og Innovasjon Norge stått løpet ut saman med Kleven, og vist stor tillit til det arbeidet som har blitt gjort på verftet.

- Bankane sitt sterke nærvær og eit gjensidig tillitsforhold har vore med på å gjere arbeidskvardagen vår vesentleg lettare. Mellom anna har bankane og Hurtigruten bidratt til at Nye Kleven Verft kan gå vidare med ein fornuftig økonomisk balanse som sikrar vidare drift. Vi meiner at verftet blir no attraktivt for sal. Men foreløpig kan vi drive det på eigenhand, seier finansdirektøren.

Sterke lojalitetsband frå dei tilsette
Dei tilsette ved Kleven har vist enorme ferdigheiter og lojalitet, og stått ved verftet si side gjennom ein ekstremt krevjande og usikker periode. Bollestad og Beinnes Fosse er imponert over stå-på-viljen:

-Dei tilsette er hovudgrunnen til at Kleven står der vi står i dag. Vår evne til å levere verdas beste og mest avanserte båtar under sterkt press er det som utgjer verdien av Kleven. Ein stor takk til dei tilsette som har stått i denne usikkerheita i så lang tid. No vender vi blikket framover!

Fakta om Nye Kleven
Nye Kleven er eit nyoppretta firma som i en overgangsperiode vil vere kontrollert av bankane og Hurtigruten. Verftet tek med seg fasilitetar, deler av lånet, samt tilsette frå opphavelege Kleven. Namnet blir også med, derfor vil «Nye Kleven» heite Kleven Verft AS. Gamle Kleven Verft AS vil halde fram med å eksistere parallelt for å ivareta gamle forpliktingar. Målet til Nye Kleven er å vere eit verdsleiande nybyggingsverft, og ein føretrekt aktør når det kjem til bygging av avanserte fartøy innanfor fleire ulike segment. Nye Kleven er det verftet i Noreg som har størst grad av eigen robotisert stålproduksjon og modulbasert skipsbygging.

Fakta om kontrakta med Nordnes AS
Reiarlaget Nordnes AS har bestilt ei total ombygging av ein tidlegare fiskebåt. Den skal bli eit topp moderne trål/snurrevad-fartøy. Kleven skal mellom anna forlenge båten, bygge nytt maskinrom, nytt overbygg med topp moderne fasilitetar, nye motorar og framdriftssystem. Skipet blir utstyrt med store batteripakkar for å redusere forbruk, og det blir elektriske vinsjar, ny fiskefabrikk og mykje meir. Dette blir det mest energieffektive og grøne trål/snurrevadfartøyet som finnast på marknaden, med mange nyvinningar og nye måtar å tenke utøving av fiskeri på.

 

Schneider AR crop

Nytt AR-verktøy for sanntidsdiagnostikk og fjernvedlikehold av maskiner

Redusert nedetid og raskere drift og vedlikehold

Schneider Electric lanserer EcoStruxure™ Augmented Operator Advisor, et AR-verktøy for utvidet forståelse av virkeligheten i industrielle applikasjoner. EcoStruxure™ Augmented Operator Advisor kombinerer bakgrunnsinformasjon og lokal dynamisk informasjon for mobile brukere, som opplever en sammensmelting av det fysiske, virkelige miljøet med virtuelle objekter.

Les mer
Equinor_ASAEquinor-2018-10-09-johan-sverdrup crop

Billig å bygge - enorme inntekter

Vil stå for rundt en tredjedel av all oljeproduksjon i Norge

5. oktober startet Equinor og Johan Sverdrup-partnerne Lundin Norway, Petoro, Aker BP og Total produksjonen fra gigantfeltet i Nordsjøen.

Les mer
Robot griper 1 crop

Norge henger fortsatt langt etter verden når det gjelder robotikk

Norge henger fortsatt langt etter verden

Med en vekst på 23 prosent i årlige installeringer av samarbeidende roboter (collaborative robots = «cobots») fra 2017 til 2018 viser den nye World Robotics Report, utgitt av International Federation of Robotics, en enorm etterspørsel etter gripeverktøy (EoAT). I 2018 ble nesten 14000 nye cobot-armer installert. Hvis denne økningen fortsetter, vil dette tallet doble seg på omtrent tre år, som vil bli en enestående markedsmulighet OnRobot står klar til å gripe.

Les mer
Wurth Høytrykkspylere crop

Høytrykkspylere til krevende oppgaver

Gir opptil tre ganger så lang levetid

Würth leverer en bred portefølje profesjonelle høytrykkspylere som er tilpasset krevende bruk hos alt fra vaktmestere til anleggsbransje og industri, bilvaskeanlegg/bilverksteder, landbruksverksteder, bygg og anlegg, gårdeiere, entreprenører, gårdbrukere samt generell drift og vedlikehold.

 

Les mer